– Like spennande å sjå kvart år kven som har med nye og oppussa køyretøy

TRADISJONEN TRU: 1. mai blir det vårmønstring etter same leisten som tidlegare år. (Arkivfoto).

TRADISJONEN TRU: 1. mai blir det vårmønstring etter same leisten som tidlegare år. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Tradisjonen tru blir det vårmønstring i Husnes sentrum tysdag 1. mai.

DEL

– Vi legg opp til 1. mai etter same leisten som tidlegare år, det vil seia i nærare 30 år. Vi føler det fungerer bra, og at det er noko både deltakarar og publikum set pris på, seier ein av primus motorane bak arrangementet, Stein Bjarte Kaldestad.

Arrangørane er Amcar Kvinnherad og Kvinnherad MC-klubb, som alltid.

Sjølvsagt vert det utstillingar og premiering av både bilar og tohjulingar.

Av erfaring veit arrangørane at vêret betyr mykje. Er det som i fjor, strålande sol, så ventar dei vel 200 køyretøy. Blir det derimot regn og vind, kjem det nokre færre.

–  Uansett gler vi oss storleg, vi synest alltid det er like spennande å sjå kven som dukkar opp med nye og oppussa bilar eller motorsyklar, seier Kaldestad.

Les også:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags