Internasjonalt kor med debut på 17. mai

KOR: Her ser vi det internasjonale koret på ei av dei siste øvingane før 17. mai, med dirigent Dmitrii Kuzmin i spissen, for å få på plass dei siste finjusteringane. (Foto: Håvard Røyrvik).

KOR: Her ser vi det internasjonale koret på ei av dei siste øvingane før 17. mai, med dirigent Dmitrii Kuzmin i spissen, for å få på plass dei siste finjusteringane. (Foto: Håvard Røyrvik).

På nasjonaldagen kan ein høyra songarar frå 12 nasjonar framføra og synga «Ja, vi elsker» under hovudprogrammet på Husnes.

DEL

Tidleg i januar var Kvinnheringen på besøk på ei av dei første øvingane til det internasjonale koret, i regi av musikklærar og pedagog Dmitrii Kuzmin ved kulturskulen.

Målet den gongen var å bli klare til å synga og framføra songar på 17. mai. Eit mål koret har klart å halda, og i desse dagar er det dei siste finjusteringane som skal på plass før den store debuten.

Blant dei knapt 20 deltakarane er 12 nasjonalitetar representerte, men ikkje alle har sjansen til å delta på sjølve framføringa, fordi dei er opptekne på arrangement og feiring saman med borna i bygdene dei bur i.

Koret er spent og gler seg til å visa fram kva dei har lært, og med seg har dei strykarar frå kulturskulen og Yuko Shuto på piano. Ein som har høyrt dei øva er Thor Inge Døssland.

– Eg synest det er eit flott og nyskapande innslag, og hadde tatt turen eins ærend om eg ikkje var oppteken med 17. mai-arrangementet i Uskedalen.

Dei fleste medlemmane i koret er elevar ved Integrering og opplæring, men det er òg med andre innvandrarar. Det internasjonale koret blei starta som eit samarbeid mellom Kvinnherad Kulturskule og Eininga for integrering og opplæring. Sidan det er eit internasjonalt kor, er alle velkomne til å delta – nordmenn inkludert.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags