Ny 17. mai-rute

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

17. mai-komiteen på Husnes gjer merksam på at barnetoget i år har ny rute.

DEL

Toget startar ved Undarheim skule og går til Husnestunet.

Her vert det tale ved russepresident Kristian Enes. Frå Husnestunet går toget opp Haugavegen, ned Kaldanesvegen, Kolavegen til Kulturhuset. Husnes Musikklag speler. Komiteen viser elles til 17. mai-programmet.

Få med deg video-opptak frå 17. mai-feiringa på Husnes her! Vi var på plass med direktesending frå klokka 11.15 og utover dagen, og her kan du sjå opptaket. Klokka 11.30 gjekk skuletoget frå Undarheim skule til Husnestunet. Der talte mellom anna russepresident Kristian Enes. Frå Husnestunet gjekk toget vidare og enda ved Kulturhuset, der det var eit fyldig program vidare utover nasjonaldagen. Hald over tidslinja for å klikka deg direkte til russepresidenten sin tale. PS: Dette var først og fremst ei prøvesending for å testa utstyr. Video: Fonna Teknologi, GaaPaa og Kvinnheringen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags