Rundt 200 hadde funne vegen til maleriutstillinga i Galleri G Guddal.

– Eg må no har gjort noko rett dette året, kommenterte Gørill Guddal det store frammøte i dei flotte lokala som vart opna i sommar.

Det er første gongen at Trude Hisdal som bur med mann og to born i Rosendal, har utstilling i Kvinnherad. 12 figurative maleri i stort format, der ho har nytta akryl og lerret som teknikk, er med på utstillinga som opna på fredag kveld. Dei falt tydeleg i smak hos publikum. Berre få minutt etter opninga var det dyraste bilde på utstillinga seld.