Opnar opp igjen på fredagar

For første gong på to år heldt Bar 5460 ope ein heilt vanleg fredag. Utestaden held fram med ny giv etter eit tøft fjorår. Fredag var det topp stemning og fullt hus under Ørjan Bakke sin første quiz for året.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Utbygginga av nye Opsangervegen baud på utfordringar, men 5460 redda seg inn etter ei god jul. Fredag var det fullt hus og topp stemning under årets første quiz.

For to år sidan gjekk utestaden ned til éin dag med opne dører i veka. Frå denne månaden av held dei ope på fredagar igjen. Éin gong i månaden fram til sommaren blir det også quiz med Ørjan Bakke. I tillegg lovar utestaden konsertar og live-musikk utover året.

Saka held fram under bildet.

HJERNETRIM: Ørjan Bakke leverte ein god quiz, ifølgje fleire av deltakarane. Marte Lie Børve, Kjell Kristian Stråbø, Matz Håvik og Karoline Neset fekk 2. plass. 13 lag deltok.

HJERNETRIM: Ørjan Bakke leverte ein god quiz, ifølgje fleire av deltakarane. Marte Lie Børve, Kjell Kristian Stråbø, Matz Håvik og Karoline Neset fekk 2. plass. 13 lag deltok.

– Programmet for året er allereie i ferd med å fylla seg opp, seier Ronny Hamre ved 5460, til Kvinnheringen.

Situasjonen ved 5460 i månadane før jul var så prekær at dei måtte vurdera framtida til utestaden. Dei søkte om ulempekompensasjon i samband med at vegstenginga på Opsangervegen tok lenger tid enn først varsla. Besøkstala stupte då vegen stengde og lokalet vart sperra inne, fortalde dei. Likevel så vart kompensasjonsøknaden avslegen av kommunen.

– Fjoråret var tøft, det er ikkje til å leggja skjul på. Ei bra jul gjorde at vi fekk retta opp att litt. Vi har god kontroll, og har trua på at folk vil ha oss her også i framtida, seier Hamre.

– De måtte klara dykk på eiga hand før jul?

– Eg føler dei kunne ha behandla oss på ein betre måte. Vi rosar vegbygginga utanfor og gler oss over det. Vi fekk først beskjed om at vegen vart stengd i to månadar. No er det snart gått eitt år. Dei kunne i det minste kome med ein unnskyldning sidan det har teke så lang tid, seier Hamre.

Quiz-vinnaren

Hamre & co vel no å sjå framover. Stemninga var betre under årets første quiz-konkurranse fredag kveld. Laga var varierte med både eldre og yngre deltakarar. Quizen var delt inn i tre rundar. Gjestene fekk bryna seg på vanlege kategoriar som historie, geografi, sport og musikk, i tillegg til ymse anna. Bakke hadde fleire spørsmål i ermet som skapte latter og stemning i lokalet.

Quizhjernane på laget Åndseliten stakk av med sigeren. Dei var godt fornøgd med spørjekonkurransen.

– Ein flink quizleiar, som også underheld. Nivået var akkurat passe, og spørsmåla verierte og fine, sa Are Ulseth og Helge Saghaug på vinnarlaget.

Quiz blir det altså éin gong i månaden fram til sommaren. Så spørs det om nokon kan utfordra Åndseliten om samanlagtsigeren.

F.v.: Eivind Tufta Saghaug, Thorleif Josè Santiago, Elinor Stiansdóttir Ersland og Alexander Stiansson Ersland fekk testa kunnskapen. Like bak sit Åndseliten, laget som stakk av med sigeren. F.v.: Eirik Sævareid, Line Langeland, Are Ulseth, Reidar Olderkjær og Helge Saghaug.

Dagleg leiar Karoline Øvstebø Helleland, Ingrid Øvstebø Helleland og Ronny Hamre held frå denne månaden av igjen ope på fredagar.

Dagleg leiar Karoline Øvstebø Helleland, Ingrid Øvstebø Helleland og Ronny Hamre held frå denne månaden av igjen ope på fredagar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags