Vann med sjøpølse-idé

Tormod Øverland (t.h.) og tre andre medstudentar vann fredag studentkonkurransen under konferansen Sustainable Growth Summit i Bergen. (Foto: Halvard Wensel).

Tormod Øverland (t.h.) og tre andre medstudentar vann fredag studentkonkurransen under konferansen Sustainable Growth Summit i Bergen. (Foto: Halvard Wensel).

Artikkelen er over 4 år gammel

Tormod Øverland (22) frå Åkra vann fredag konkurransen om beste forretningsidé under konferansen Sustainable Growth Summit i Bergen.

DEL

Øverland tar no ein bachelorgrad i biomarininnovasjon ved Høgskulen i Ålesund. Han var ein av dei heldige studentane frå heile landet som blei trekt ut til å få vera med på «Marine Student Boot Camp». Den var ein del av Sustainable Growth Summit, ein konferanse for fiskeri- og havbruksnæringa som blei arrangert i Bergen torsdag og fredag. Hans gruppe med tre andre studentar fekk premie for den beste forretningsideen, der dei lanserte ideen om å utnytta sjøpølse som eit sjømatprodukt.

– Vi begynte med litt brainstorming, og fekk nokre idear på papiret. Til slutt blei vi samde om å gå for ideen med sjøpølsa, fortel Øverland på telefon.

Han kjente ingen av dei andre på gruppa si frå før, men fortel at dei blei ganske samansveisa i løpet av boot-campen.

– Det var veldig kjekt og lærerikt å få vera med på, og eg meiner heile opplevinga var ein premie i seg sjølv. Og så er det jo ikkje kvar dag ein får møta fiskeriministeren.

Øverland og dei tre andre studentane i gruppa fekk diplom, heider og ære og ei lita pengegåve kvar. Han fortel at oppgåva dei fekk fell godt innanfor hans studieområde. No er han på tredje året av bachelorstudiet sitt, og held også på med ei studentbedrift som er sikta inn mot havbruksnæringa. Kva han vil gjera etter bachelorgraden er fullført, vil tida visa.

Imponert fiskeriminister

Boot camp-konseptet er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet. Fem grupper med studentar frå heile landet har vore samla sidan førre helg, og vore på bedriftsbesøk og møtt forskarar innanfor fiskerinæringa ulike stader i bergensregionen. Dei siste 40 timane før konkurransen jobba dei saman i grupper på fire, med ei problemstilling der oppgåva var å komma på eit produkt som skulle tena pengar og samtidig vera eit berekraftig og helsemessig godt val.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) lét seg imponera av ideen til Tormod Øverland si gruppe, og overrekte premien til gruppa fredag føremiddag.

– Ideen med å utnytta sjøpølse som mat er spennande. Produktet er populært i Asia, men i Norge har vi andre artar av sjøpølsa, og derfor kan det vera større marknad for den. Dei kom også på ideen om å ikkje berre hausta sjøpølse der den finst naturleg, men også å dyrka sjøpølse under oppdrettsanlegg. Næringssaltet som laksen slepp frå seg er nemleg mat for sjøpølsa, og slik kan ein utnytta avfall som eigentleg er eit problem, på ein god måte, fortel fiskeriministeren.

Ho meiner denne studentkonkurransen er ein god måte å rekruttera studentar frå ulike fagmiljø til fiskerinæringa.

– Det var spennande å sjå studentar med så ulik bakgrunn jobba så godt ilag, dei kom opp med spennande idear. Mange av dei hadde ikkje erfaring innanfor feltet frå før, og lærte mykje nytt. Eg trur det opna seg ei ny «verd» for mange. Vi treng å marknadsføra og rekruttera til fiskeri- og havbruksnæringa, og treng alle typar kompetanse.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags