Lar fagfolk ta seg av bruvølinga

Vika bru i Åkra fekk øydelagt rekkverket under anleggsarbeid for fem-seks år sidan, og er elles òg i dårleg stand. 1,8 millionar kroner er sett av til ny bru, og no skal anbodskonkurransen lysast ut straks. (Arkivfoto)

Vika bru i Åkra fekk øydelagt rekkverket under anleggsarbeid for fem-seks år sidan, og er elles òg i dårleg stand. 1,8 millionar kroner er sett av til ny bru, og no skal anbodskonkurransen lysast ut straks. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 3 år gammel

Ordførar Peder Sjo Slettebø blir neppe sjølv å sjå med betongblandar på Vika bru, men lovar at bruvøling skal bli gjort, og det til sommaren.

DEL

Under eit politisk folkemøte i august, i forkant av kommunevalet, fekk politikarane spørsmål om kva tid brua mellom Vika og Øvstebø i Åkra skulle reparerast. Rekkverket blei øydelagt under anleggsarbeid for fem-seks år sidan, og sidan den tid har berre provisoriske løysingar blitt nytta. Den dåverande ordførarkandidaten Peder Sjo Slettebø kunngjorde på møtet at dersom ikkje brua blei fiksa innan påske, skulle han sjølv gjera jobben, i lag med partikollega Leif Sverre Enes. Men påsken er passert, utan at dei to politikarane har vore på bruvøling. Slettebø forklarer det slik:

– I budsjettet er det sett av pengar til å utbetra brua, og planen er å gjera det til sommaren. Planleggingsarbeidet er i gang. Eg skreiv nyleg ei melding om dette til åkrabuen på Facebook-sida til Åkra bygdelag. Der skreiv eg òg at eg skaut litt frå hofta når eg sa at brua skulle vølast før påske.

– Såg de det ikkje som aktuelt å vøla brua sjølv, du og Leif Sverre?

– Nei, ettersom prosjekteringa alt var i gang, tenkte vi at det var like greitt å gjera ting på den ordinære måten, ler han.

Snart anbodskonkurranse

Også Leif Sverre Enes synest det er like greitt at fagfolk tar seg av job-ben.

– Utsegnet om at vi sjølv skulle gjera det, var vel mest symbolsk. Det er nok langt betre at fagfolk får ta seg av jobben, då blir resultatet mykje betre, ler Enes, som legg til at han er glad for at åkrabuen no skal få ei ny bru.

– Sånn eg forstår det, er arbeidet rett føreståande. Det er bra!

1,8 millionar kroner er sett av til arbeidet med brua, og Sigbjørn Øye, leiar for kommunalteknisk, fortel at ein er i ferd med å laga til konkurransegrunnlaget som snart skal lysast ut.

– Vi har 40 kommunale bruer, og lovverket pålegg oss å føra tilstandsrapport for alle desse med jamne mellomrom. Difor har vi gode tekniske rapportar på kva som treng å gjerast, noko som betyr at prosjekteringskostnaden på brua neppe kjem til å bli særleg høg, seier han.

Planen er å laga ei heilt ny bru, ikkje berre vøla det øydelagde rekkver-ket. 

– Kva tid reknar de med at den nye brua står klar?

– Vi ser for oss at arbeidet vil gå i gang i løpet av sommaren. Mest realistisk er det nok at vi kjem i gang rett etter sommarferien, sluttar han.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags