Aktivitet ved Aksen-bygget

AKSEN: I desse dagar er det oppstart av ombygginga av Aksen-bygget, og parkeringsplassen du ser her vil derfor vera utilgjengeleg.

AKSEN: I desse dagar er det oppstart av ombygginga av Aksen-bygget, og parkeringsplassen du ser her vil derfor vera utilgjengeleg.

Ombygginga av Aksen-bygget er i gang, og etter planane skal arbeidet vera ferdig 1. mars 2020.

DEL

Den siste tida har det blitt sett opp gjerde rundt Aksen-bygget i Husnes sentrum, og parkeringsplassen framfor bygget er no utilgjengeleg.

– Førebuande arbeid er i gang, og byggeplassen er no rigga til. Sjølve rivingsarbeidet vil starta på måndag, fortel prosjektleiar i kommunen, Anne Guri Kildal.

Det er ingen avvik i forhold til tidlegare opplysingar, og planen er framleis at mellombygget (mellom gamle og nye Aksen) skal rivast og bli erstatta av eit tilbygg på tre etasjar. Sjølve hovuddelen skal gjennom ei total renovering/utbetring innvendig, og grunna nye tekniske byggekrav må nytt teknisk anlegg og isolasjon på plass. Isolasjonskrava medfører òg at fasaden må isolerast utvendig, noko som igjen fører til at utvendig kledning må skiftast.

– Arbeidet er planlagt å vera ferdig 1. mars 2020, avsluttar Kildal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags