Kontrakten for Aksen-ombygginga går ut av kommunen

AKSEN: Kontrakt for ombygging av Aksen-bygget på Husnes er tildelt. (Arkivfoto).

AKSEN: Kontrakt for ombygging av Aksen-bygget på Husnes er tildelt. (Arkivfoto).

Fire firma gav tilbod, av dei tre lokale og eitt frå bergensområdet.

DEL

Kontrakten for ombygginga av Aksen-bygget er tildelt firmaet Byggmester Markhus AS som held til i bergensområdet.

– Dei har komme med det beste tilbodet, seier Anne Guri Kildal, einingsleiar for prosjektering og utbygging i Kvinnherad kommune.

Grunna formelle feil i to av tre søknader i første utlysing av ombygginga av Aksen, måtte desse avvisast etter regelverket og anbodet blei lyst ut på nytt. Innan fristen var det mottatt fire tilbod i runde nummer to.

RangeringTilbydarTilbodspris
1Byggmester Markhus AS57.369.427
2Fronta Bygg AS61.646.752
3Kvinnherad Bygg AS63.759.086
4Byggservice AS66.974.241


Kommunen gjekk vidare i forhandling med dei to best rangerte tilboda, Byggmester Markhus AS og Fronta Bygg AS. Etter dialogmøte trekte Byggmester Markhus det lengste strået.


RangeringTilbydarTilbodspris
1Byggmester Markhus AS56.601.478
2Fronta Bygg AS 61.646.752


– Vi er veldig glade for å ha landa kontrakten på denne sida av årsskiftet. Vi håpar ombygginga vil starta tidleg neste år, og vi er dermed ikkje forseinka med prosjektet trass i at vi måtte lysa anbodet ut på nytt, held Kildal fram.

Rådmannen informerte torsdag ettermiddag kommunestyret om avgjersla.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags