Fakkelaksjon mot endring av krinsgrense

AKSJONERER MED FAKLAR: – Vi er sterkt i mot ei endring av skulekrinsgrensa mellom Malmanger og Omvikdalen, seier Lene Vangberg Monsen, leiar for FAU-utvalet ved Omvikdalen skule. (Foto: Privat).

AKSJONERER MED FAKLAR: – Vi er sterkt i mot ei endring av skulekrinsgrensa mellom Malmanger og Omvikdalen, seier Lene Vangberg Monsen, leiar for FAU-utvalet ved Omvikdalen skule. (Foto: Privat).

Fredag ettermiddag vert faklane tende i Omvikdalen. Bygda ynskjer å behalda den noverande skulekrinsgrensa mellom Malmanger og Omvikdalen skule.

DEL


Levekårskomiteen si innstilling om å endra skulekrinsgrensa mellom Malmanger og Omvikdalen, slik at elevar i Lundsneset og Seimshamrane skal ha Malmanger skule som nærskule, er noko innbyggjarane i Omvikdalen ikkje ynskjer.

– Vi er sterkt i mot endring av skulekrinsgrensa. Vi trur at ei endring vil føra til at Omvikdalen vil bli delt opp, på ein lite hensiktsmessig måte. Dette vil gå ut over barna våre og deira tilhøyre til både skulen og miljøet som dei bur i, seier Lene Vangberg Monsen, leiar for FAU-utvalet ved Omvikdalen skule.

Ho fortel at dei som bur i det aktuelle området føler at dei høyrer til i Omvikdalen, og for desse vil det bli heilt unaturleg å bli flytta til Malmanger. I tillegg er tilhøyret til skulen viktig. Her føregår ikkje berre skulegangen, men ei rekkje aktivitetar på kveldstid og i helgene, for barn og vaksne.

– De skal ha fakkeltog mot endringa på fredag?

– Nei, ikkje fakkeltog i tradisjonell forstand. Det vi ynskjer er å mobilisera folk til ei markering, der vi viser at vi er djupt ueinige med innstillinga til Levekårskomiteen, og at vi ynskjer å behalda den noverande grensa, forklarer Monsen.

Ho fortel at markeringa vil starta ved bensinstasjonen. Så vil dei frammøtte bli delt opp, for å gjera ei framvising av skulekrinsgrensene slik dei er i dag, og slik Levekårskomitéen ynskjer at dei skal endrast. Denne framvisinga skal skje ved hjelp av faklar.

Også underskriftskampanje

Det vert også mobilisert mot endringane på andre måtar. FAU-utvalet har i desse dagar levert sitt syn på høyringsnotatet til kommunen, og jamvel starta ein underskriftskampanje.

– Der har vi fått inn ein god del underskifter, godt over 300 allereie, seier Monsen.

Underskriftsbøker er lagt ut både på Bunnpris på Seimsfoss og på Best i Omvikdalen. I tillegg er det laga elektronisk underskriftskampanje på opprop.no.

– No oppmodar vi verkeleg sambygdingane våre til å møta opp på fredag ettermiddag. Vi håpar folk i alle aldrar kjem, for å visa at vi ikkje kan finna oss i ei slik inndeling av skulekrinsgrensa, understrekar Monsen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags