– Sjølv ein tom boks er full av energi

«I LOVE JEKK»: Marcus Ousdal, Helena Oftedal Hegland, Sivert Gjuvsland Riise, Emilie Sandvik Aaseth, Viktoria Bakke Alfarnes, Synne Sørensen Såtendal, Helene Hansen, Sindre Sundal, Jhalaica Muit og lærar Benedichte Indergård.

«I LOVE JEKK»: Marcus Ousdal, Helena Oftedal Hegland, Sivert Gjuvsland Riise, Emilie Sandvik Aaseth, Viktoria Bakke Alfarnes, Synne Sørensen Såtendal, Helene Hansen, Sindre Sundal, Jhalaica Muit og lærar Benedichte Indergård.

Det er Helena Oftedal Hegland som kjem med det fyndige slagordet for Aksjon Aluminum. Saman med dei andre elevane i 5. klasse ved Omvikdalen skule er ho i haust med på ein landsomfattande miljøaksjon.

DEL

Aksjon Aluminium er arrangert av Forskarfabrikken og Norsk Hydro, for skuleklassar på 3. til 7. trinnet over heile landet. Aksjonen er ein konkurranse der klassane tevlast om å resirkulera aluminiumsboksar. Det er derfor om å gjera å samla flest mogleg «jekkar» frå aluminiumsboksar. Boksejekkane er eit symbol på aluminiumsboksar som er leverte til gjenvinning.

– Det var mor til Viktoria i klassen som tipsa læraren vår om denne aksjonen. Ho jobbar på Hydro Husnes, og fekk høyra om det der, røper Helene Hansen.

– Ja, det stemmer heilt, stadfestar kontaktlæraren, Benedichte Indergård. Ho fortel at miljømedvitet i 5. klasse vart tent allereie før sommaren, på ein klassetur til SIM. Då Indergård fekk vita om Aksjon Aluminium, forstod ho at dette passa godt for nettopp elevane hennar. 5. klasse var allereie svært opptekne av miljø og gjenbruk.

Frå fjern og nær

Elevane har verkeleg gått til innsamlinga av jekkar med stor entusiasme. Dei fortel at dei samlar mange boksar sjølve, men at dei også får frå familie, naboar og vener. Dei har sett opp lappar i fleire bygder om at klassen gjerne tar i mot jekkar. Einskilde har til og med engasjert foreldra sine kollegaar og fått sendingar frå slektningar andre stader. Sindre Sundal fortel at han har fått heile 5.000 jekkar av søskenbarnet til kameraten til vetlebror sin. At innsamlinga engasjerer langt utanfor klasseromsveggane er det absolutt inga tvil om. Synne Sørensen Såtendal meiner at noko av det kjekkaste med å vera med på aksjonen er at det er gøy, og at konkurranseinstinktet har blitt vekt.

– Viss vi samlar flest jekkar får vi ein tur til Hydro på Holmestrand. Det hadde vore kjekt å vinna, seier ho

– Det hadde vore skikkeleg moro å vinna. Men vi gjer ikkje dette berre for å vinna, men også for å hjelpa miljøet, forklarer Helena Oftedal Hegland.

Meir enn dagsmålet

Klassen tel opp alle jekkane dei hadde samla då Kvinnheringen var på besøk. Før oppteljinga hadde elevane allereie samla heile 15.604 boksejekkar, og dét berre sidan 31. august.

– Kva skal vera målet vårt i dag? Kor mange jekkar trur de vi har samla totalt no? spør Indergård klassen sin.

– Eg trur kanskje vi kjem opp i 17.000, svarer Sindre.

– Det er eit bra mål. Korleis kan eg då finna ut kor mange jekkar klassen må ha talt opp i dag?

– Då kan vi ta 17.000 og trekkja frå dei vi allereie har, føreslår Emilie Sandvik Aaseth.

Læraren tar reknestykket på tavla og kjem fram til at klassen må ha 1.396 jekkar for å klara målet sitt. Etter oppteljinga viser det seg at dei har samla nesten 1.000 jekkar meir enn det som var dagsmålet.

– Så no er vi oppe i 17.913 jekkar, avslører Indergård.

Til stor jubel finn elevane ut at klassen etter oppteljinga ligg på 37. plass over alle klassane i heile landet. Femteklassingane blir einige om å ha 20.000 jekkar som mål.

– Du må skriva i avisa at folk må levera inn jekkar til oss, oppmodar Sivert Gjuvsland og Marcus Ousdal lurt.

– Og så er det viktig at folk hugsar på å resirkulera også etter at aksjonen er over, minner Viktoria Bakke Alfarnes på.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags