Grovt tjuveri

Artikkelen er over 5 år gammel

I løpet av helga, truleg natt til søndag, har nokon gjort innbrot i Enes byggjeforretning i nærleiken av lakseparken på Ænes.

DEL

Vedkommande stal verktøy for nærmare 100.000 kroner. Politiet var søndag på staden for å sikra spor, og har fått fleire tips om køyretøy som var observert på staden. Desse blei sjekka ut av saka, men politiet har fleire tips dei vil sjekka ut.

– Er det nokon som har sett noko i området i perioden ønskjer vi fleire tips, seier lensmann Jan L. Fosse. Han seier tjuvane truleg har brukt ein varebil for å få plass til alt utstyret dei stal. Andre politidistrikt er varsla.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags