Dimmelsvik Entreprenør AS

DEL

ANLEGGSBRANSJEN: 

Atle Søllesvik i Dimmelsvik Entreprenør AS kan fortelja om fullt køyr for deira del. Firmaet med 22 fast tilsette pluss fleire innleidde jobbar for tida med tre store prosjekt: Rehabilitering av Valedalsdammen, omlegging av vegar i samband med kraftstasjonen i Matre, og to kraftverk i Veitastrond i Sogn og Fjordane.

– I tillegg har vi ein del anna arbeid, til dømes for Vassbakk & Stol på Husnes og i Dimmelsvik, og for Vegdekke på E39 mellom Os og Bergen. Anleggsbransjen har vore slik lenge, at ein også må ta oppdrag utanfor kommunen. Men heldigvis skjer det mykje spennande i Kvinnherad no, til dømes med Hydro Husnes der vi allereie har vore litt inne, og Ænes inkubator.

I fjor hadde firmaet over 54 millionar kroner i omsetning.

– Det er tidleg på året, men vi har allereie ein stor ordrereserve. Så eg ser veldig positivt på det.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags