Fleire førespurnader om arbeid i samband med B-hallen

DEL

ANLEGGSBRANSJEN:Det er for tida fullt køyr og ein stigande optimisme i anleggsbransjen, fortel fleire av entreprenørfirmaa Kvinnheringen har vore i kontakt med.

– Vi har bra med arbeid heilt fram til jul, seier dagleg leiar i Brødrene Musland Maskin AS, Roar Musland.

Blant anna jobbar entreprenørfirmaet med eit større hyttefelt på Seljestad, og eit bustadfelt på Ølve. Det er altså fullt opp med jobb for dei seks faste tilsette. Også fjoråret var eit bra år.

– Eg trur det var ganske likt med 2016, eit greitt pluss på resultatet, seier Musland.

Musland har merka positiviteten knytt til B-hallen-opninga blant innbyggarane i Kvinnherad, og fått førespurnader om arbeid i samband med nyhenda.

– For Kvinnherad vil opninga av B-hallen vera veldig positivt, og alle bransjar vil vel hausta positivt av det til slutt.

Også Musland har merka seg at dei entreprenørane frå andre plassar enn Kvinnherad, som jobbar på vegarbeidet, har tatt inn lokale leverandørar.

– Det er klart det ville vore ein fordel om det var ein lokal leverandør, men det er jo ein konkurranse om pris. Der har dei store vore betre, seier Musland.
Brødrene Musland Maskin har sjølv vore med å jobba på Losnessvingane med natursteinsmuring.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags