Pangstart på 2018 for Kvinnherad Maskin

(Illustrasjonsfoto: Colourbox.com.)

(Illustrasjonsfoto: Colourbox.com.)

DEL

Anleggsbransjen:Det er for tida fullt køyr og ein stigande optimisme i anleggsbransjen, fortel fleire av entreprenørfirmaa Kvinnheringen har vore i kontakt med.

– Her går det veldig bra! Dei første månadane har vore strålande samanlikna med normalen. Eg trur det har mykje med optimismen i samfunnet å gjera. Folk ser lyst på livet etter den fantastiske nyhenda om Hydro Husnes, seier Michael Stensletten, dagleg leiar i Kvinnherad Maskin AS.

Dei fem tilsette i Kvinnherad Maskin har hatt ein veldig god start på året, og frykteleg travelt, fortel Stensletten.

– Eg trur det skal bli nokre gode år framover!

For tida held entreprenørane på med ei bustadtomt i Herøysund, og ei i Omvikdalen. I tillegg jobbar dei med grøftearbeid, garasjetomter og elektriske anlegg. Det er altså plenty med arbeidd for alle, kan Stensletten understreka.

Sjølv om starten på 2018 var strålande for Kvinnherad Maskin, var fjoråret heilt middels.

– Vi har ikkje fått eit endeleg resultat enno, men det ser ut som det er heilt ok. Det er jo kamp om jobbane.

Når det gjeld dei store entreprenørane utanfrå som har fått vegarbeid-jobbane i kommunen, meiner Stensletten at det beste hadde vore om det var lokale entreprenørar som hadde fått arbeidet.

– Det hadde jo vore ønskjeleg om det var lokale entreprenørar. Då skattar vi til kommunen, men no går det jo ut igjen.

– Men det er jo heilt greitt, då det er så store jobbar. Men hadde dei lokale fått jobbane hadde det vore best for alle. Vi må syta for oss sjølv først, seier Stensletten, før han er kjapp til å leggja til at dei innleidde firmaa har vore gode til å bruka lokale entreprenørar på arbeidet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags