Nytt Ap-styre går inn for sørleg kryssing av Langenuen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kvinnherad Arbeidarparti har hatt årsmøte, der tre uttalar vart vedtekne. Ap vil ha sørleg kryssing av Langenuen på E39 mellom Stord og Os. I neste uttale heiter det at partiet går inn for å korta inn reisetida mellom Kvinnherad og Stord, utan at strekninga er spesifisert. I ein tredje uttale står det at Ap vil arbeida for at Kvinnherad kommune ikkje skal budsjettera med aksjeavkastingsmidlar til drifta.

Kvinnherad Arbeidarparti valde nytt styre under årsmøtet. Leif Ove Mikkelsen held fram som leiar, og slik ser det nye styret ut:

Vibeke Fredheim (nestleiar), Svein Hardeland (sekretær), Øyvind Hardeland (kasserar), Irene Nielsen-Sjo (kvinnekontakt), Tobias Selmer Broks (web-ansvarleg), Lise Rørvik (styremedlem), gruppeleiaren i kommunestyregruppa (styremedlem), leiaren for AUF Kvinnherad (styremedlem) og leiaren for LO Kvinnherad (styremedlem).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags