Arbeidsløysa ned i Kvinnherad

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Samferdsleprosjekt og auka aktivitet innan industri og oljerelaterte næringar gir meir arbeid i Kvinnherad. I Kvinnherad var 184 personar heilt arbeidsledige ved utgangen av august, og det er seks færre enn førre månad. Ser ein på fjoråret var 287 utan arbeid ved utgangen av august.

Også denne månaden er det Stord og Kvinnherad som har størst nedgang i arbeidsløysa i Sunnhordland, melder Nav Sunnhordland. I august var arbeidsløysa for Sunnhordland på 2,9 prosent, som er under gjennomsnittet for Hordaland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags