Arbeidsløysa går nedover

Av
DEL


Fjoråret vart eit vendepunkt for arbeidsmarknaden i Sunnhordland med aukande aktivitet, fleire i jobb og synkande arbeidsløyse. Den positive trenden har halde fram i 2018. Arbeidsløysa har vore jamt synkande heile året frå 2,4 prosent heilt arbeidsledige personar ved starten av 2018, til 1,9 prosent i desember.

I desember 2018 er det ein nedgang i arbeidsløysa på 24 prosent (-189 heilt arbeidsledige) i forhold til i fjor på same tidspunkt. Den er lågare enn gjennomsnittet for både Hordaland og landet, slik det har vore stort sett i heile 2018.

– Me kan trygt konkludera med at dette har vore eit svært godt år for arbeidsmarknaden i Sunnhordland. Regionen har no eit ledighetsnivå som er på same nivå som før oljeprisfallet i 2015, seier leiar for NAV Sunnhordland Astrid Østerlid.

I Kvinnherad har arbeidsløysa vore stabilt låg det siste året, og det er no berre 136 personar heilt utan arbeid her i kommunen.

Verksemdene i Sunnhordland har igjen trua på auka sysselsetjing. I 2016 og 2017 viste bedriftsundersøkinga at dei fleste verksemdene i regionen hadde negative forventingar til sysselsetjinga. I 2018 snudde denne trenden, slik at bedriftene no er svært positive. Dette kan sjåast i samanheng med at Sunnhordland har ein relativt einsidig arbeidsmarknad knytt til oljerelatert industri

– Sjølv om NAV er optimistar føre 2019, veit me at det er verksemder som er urolege for manglande oppdrag og permitteringar. Me vonar at det er mogleg å unngå, og at fleire kan finna alternative løysningar som hindrar at eit større tal personar vert arbeidsledig, seier Astrid Østerlid.

Fleire bedrifter melder i frå om at det er ei utfordring å skaffa arbeidskraft med rett kompetanse. Sjukepleiarar, kokkar, helsefagarbeidarar, tømrarar og programutviklarar er blant dei mest etterspurde yrka.


Arbeidsløysa i Kvinnherad i 2018

Månad Arbeidsledige

Januar 167

Februar 166

Mars 163

April 151

Mai 127

Juni 130

Juli 135

August 134

September 144

Oktober 135

November 146

Desember 136

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags