1. mai skal den sjuande Arbeidsmiljøprisen delast ut. Den går til ei bedrift som kan visa til svært godt arbeidsmiljø på det jamne, eller som har gjennomført eit spesielt prosjekt som har ført til positiv utvikling. Alle arbeidstakarorganisasjonane som er representerte lokalt, står samla bak prisen.
Ein jury på fire medlemer er valt til å plukka ut vinnaren. I år består den av Olaug Heggenes, leiar i Utdanningsforbundet; Line Haugland, styremedlem i LO Kvinnherad; Lise Rørvik, styremedlem i Fagforbundet og Kristian Lien frå Fellesforbundet.
Les også: Omvikdalen skule: Humør og tabbekvote gjer susen
Trivsel i høgsetet
Kvinnheringen tar ein prat med dei tre damene i juryen for å høyra litt meir om prisen og korleis utveljinga går føre seg.
– Kvifor er godt arbeidsmiljø så viktig?
Spørsmålet går til Heggenes, Haugland og Rørvik.
– Fordi gode arbeidsmiljø aukar trivselen, kreativiteten og produktiviteten, samtidig som sjukefråveret går ned, hevdar damene som seier at nett dette er dokumentert ved forsking.
– Kva er eit godt arbeidsmiljø?
– Å svara kategorisk og detaljert er litt vanskeleg fordi arbeidsplassar kan vera så ulike. Men det er likevel mykje å seia om det på generelt grunnlag, seier Heggenes, før nærare forklaringar renn ut av dei engasjerte damene.
Aller viktigast er trivselen, fordi den speglar tilhøva på arbeidsplassen. For å få til trivsel må kvar og ein vera sett og inkludert. Respekt og gjensidig forståing er nøkkelord, likeins meiningsfulle arbeidsoppgåver som ein beherskar og trivst med.
Den viktige sjefen
– Kor viktig er sjefen?
– Sjefen er svært viktig. Ein sjef skal ikkje gå rundt å sjefa, men vera ein god leiar i den forstand at han/ho inkluderer og motiverer den enkelte i arbeidet sitt og oppmuntrar til å ta ansvar. Leiaren skal dra alle med og vera ei samlande kraft i organisasjonen. Samtidig er det viktig å hugsa på at alle har eit ansvar, og at alle bidrar til arbeidsmiljøet, slår jurymedlemene fast.
Forslagsfrist 9. april
Kåringa av Arbeidsmiljøprisen 2017 skjer på LO sitt arrangement på Husnes 1. mai. Fristen for å senda inn forslag er sett til måndag 9. april, slik at juryen får tid til å gjera eigne undersøkingar før vinnaren blir kåra.
– Kven kan føreslå?
– Alle kan det, men forslaget må vera grunngitt. Ein kan også føreslå sin eigen arbeidsplass. Om ein er blitt føreslått tidlegare utan å nå opp, kan det skuldast at det var fleire like gode kandidatar. Derfor må ein gjerne prøva seg på nytt, oppmuntrar Heggenes.
– Kva undersøkingar gjer juryen?
– Det kan variera, men vi snakkar i alle fall med tillitsvalde og/eller andre i bedrifta for å få eit godt bilde av korleis det står til med trivsel og arbeidstilhøve. Men det er veldig bra om forslagsstillaren grunngir forslaget sitt så godt og konkret som mogleg, slik at det blir lettare for oss å plukka ut dei kandidatane vi vil sjå nærare på, ber Heggenes.
Fakta
Tidlegare vinnarar
2016: Personalet ved psykoseposten ved Valen sjukehus
2015: Kvinnheringen
2014: Reinhaldarane i Kvinnherad kommune
2013: Fatland aktivitetshus
2012: Omvikdalen oppvekstsenter
2011: Bedriftsidrettslaget Søral
Desse står samla bak prisen:
Utdanningsforbundet
Fagforbundet
Industri Energi
Nito
Fellesforbundet
Naturviterne
IT forbundet/Delta IT
Fellesorganisasjonen
Norsk Sykepleierforbund
LO Kvinnherad
Juryen i år:
Olaug Heggenes, Utdanningsforbundet
Line Haugland, LO Kvinnherad
Lise Rørvik, Fagforbundet
Kristian Lien, Fellesforbundet
Kommentarer til denne saken