Dagleg leiar Geir Atle Vangsnes i Fjelberg Kraftlag meiner verksemda vart utsett for svindelforsøk frå selskapet Firmaposten.no – eit svensk selskap som på tvilsamt vis får kundar til å signera ein kontrakt det ikkje er gjort avtale om. For 100.000 kroner får ein eit visst tal visningar på ei nettside som kan vera oppkonstruert.

Vangsnes fortel at han første gongen vart ringt opp av firmaposten.no i desember.

– Då sa eg til vedkomande som sant var, at eg ikkje hadde tid å snakka, derfor vart det heller ikkje noko samtale, fortel Vangsnes.

I mars vart han ringt opp på nytt – denne gongen med opplysning om at oppføringa på firmaposten.no går ut 31. juli i år, og at tida var inne for å avtala ei fornying.
– Eg har aldri bestilt denne oppføringa, og kjem heller ikkje til å gjera det no, svarte eg, seier Vangsnes.

Vangsnes fekk beskjed om at viss han ønskte å seia opp avtalen, måtte det skje skriftleg. Firmaposten skulle senda eit formular han måtte signera på.

Då det kom, viste det seg å vera ein kontrakt om annonsering i 10 periodar à kr 9.900, «skjult» i den vesle skrifta nedst på arket. I teksten står det og at «svensk lovgiving gjelder, og eventuelle tvister avgjøres i Stockholm tingrett».
– Etter å ha forstått kva det dreidde seg om, la eg kontrakten fint til sides, seier Vangsnes.

Men nokre dagar seinare vart han ringt opp endå ein gong, denne gongen av ein person som sa han ringte frå grafisk avdeling i firmaposten.no. Vedkomande etterlyste den underskrivne kontrakten.
– Då eg sa at eg ikkje hadde inngått noko avtale, vart personen hissig. Og då eg fortsette med at eg ville leggja saka fram for advokaten vår, fekk eg til svar at det ikkje var nødvendig, fortel Vangsnes som seinare ikkje har høyrt noko.

Han åtvarar andre mot pågåande telefonseljarar.
– Det kan stå luringar bak!

Forbrukarrådet har ingen opplysningar om selskapet, men nettstaden «Trygg Handel» har firmaposten.no på lista over useriøse selskap som det blir åtvara mot.