Autopasslysa på Tofte skal fiksast

Det er fleire månader sidan grøn pluss og kvit strek var å sjå i lyssignalet på Tofte.

Det er fleire månader sidan grøn pluss og kvit strek var å sjå i lyssignalet på Tofte.

DEL

Som mange trafikantar har lagt merke til, har autopasslyset i bomstasjonen på Tofte vore ute av funksjon sidan i fjor haust. Det er elles kjent at slike lyssignal etter kvart skal fjernast frå autopassstasjonar landet over.

Driftssjef i bompengeselskapet Ferde, Grethe Kleppe, stadfestar dette.

– På noverande tidspunkt veit vi ikkje kva tid lyssignala skal fjernast. Det er meldt inn feil på lysa, så dette skal bli reparert. Sjølv om ikkje lyssignala verkar, går innkrevja som normalt, forsikrar Kleppe.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags