Bakerikafé i Rosendal

Peder Sjo Slettebø. (Arkivfoto: Tomas Bruvik).

Peder Sjo Slettebø. (Arkivfoto: Tomas Bruvik).

www.kvinnheringen.no: Peder Sjo Slettebø, som driv bakeriet Peder Bakar AS på Sæbøvik, vil på etterjulsvinteren opna bakerikafé i Skålagato i Rosendal.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

– Eg har leigd lokala der Årmann tidlegare heldt til, og der vi vil driva bakeriutsal og kafé, ein såkalla bakerikafé, fortel Slettebø.

– Utsalet vil tilby heile varespekteret vårt, frå dei mange ulike brødsortane, via bollar som er spesialiteten vår, til mellom anna knekkebrød, kringler og baguettar. Bakinga skjer i seks-sju tida om morgonen, så når varene når utsalet i Rosendal vil dei framleis vera varme og smellferske.

– Er det snakk om baking i Rosendal og?

– Ikkje i første omgang, men kva som kan skje i framtida får vi ta stilling til etter kvart.

– Kor mange plassar vert det i kafeen?

– Det veit eg ikkje sikkert enno, men lokalet er stort og eg reknar i alle høve med å få plass til 15–20 stolar.

– Når vert det opning?

– Datoen er ikkje fastsett, men eg reknar med å starta opp ein gong i februar/mars. I utgangspunktet vert det ein fast arbeidsplass samt nokre deltidsarbeidsplassar som vil høva godt for skuleelevar, seier Peder Sjo Slettebø, som legg til at han har fått mange positive tilbakemeldingar på tiltaket.

Artikkeltags