I ei pressemelding rapporterer Tysnes Sparebank om eit godt 3. kvartal med eit resultat på 22,8 millionar kroner før skatt – 6 millionar betre enn same tid i 2017.

«Med dette resultatet har banken om lag 9,4 prosent avkastning på eigenkapitalen. Dette er blant dei beste resultata mellom bankar i Noreg ein kan samanliknast med», hevdar banken, som også melder at Husnes-kontoret har utvikla seg betre enn forventa.

Den årlege utlånsveksten for banken er på 19 prosent. Det er meir enn banken hadde rekna med. Likevel meiner banken å vera solid, og viser til at det er henta inn 110 millionar i ny eigenkapital dei siste åra. Ny kapitalutviding også i 2019 er under vurdering.