Stadig færre barn i Bygde-Noreg

(Illustrasjonsfoto: NTB scanpix).

(Illustrasjonsfoto: NTB scanpix).

Av

Tre av fire av norske kommunar har færre eittåringar enn for 30 år sidan. I same periode har det vorte 3.400 fleire eittåringar i Noreg.

DEL


Mengda eittåringar har auka i 90 kommunar og stått stille i fem. I dei resterande 261 kommunane har talet eittåringar gått ned frå 1989 til 2019, skriv Aftenposten.

Avisa har henta ut tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for mengda eittåringar i alle kommunar ved inngangen til 1989 og 2019.

To tredelar av auken har skjedd i Oslo, Bærum, Asker, Lillestrøm, Ullensaker, Kristiansand, Stavanger, Sandnes, Bergen og Trondheim.

I nesten heile Nord-Noreg og dei aller fleste innlandskommunane i Sør-Noreg er det nedgang i talet på eittåringar.

I 62 kommunar i Nord-Noreg er fallet ein firedel eller meir. I 27 kommunar i Nord-Noreg er talet på eittåringar meir enn halvert på 30 år.

Forskar Marianne Tønnessen i SSB skildrar det norske flyttemønsteret slik:

– Unge folk flyttar frå bygda. Moglegheitene til utdanning er først og fremst i byane, og der er det òg mange spennande jobbar. Barna blir derfor fødde der, men etter nokre år er det mange som flyttar ut av byen. Då flyttar dei ofte til tettstadene rundt byane, seier ho.

(©NPK)


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags