Etiske retningslinjer mot kroppspress

DEL


Medietilsynet er i samarbeid med Forbrukartilsynet i gang med å utvikla ei skisse til etiske retningslinjer mot kroppspress i sosiale medium, heiter det i ei pressemelding frå Medietilsynet.

Oppdraget kom frå barne- og likestillingsministeren før sommaren, og føremålet er å motverka uheldig kroppspress blant barn og unge.

Bakgrunnen for initiativet er ein auke i visse former for psykiske lidingar blant barn og unge. Forskarar meiner at endringar i barn og unge sitt forhold til kropp og utsjånad og ulike former for press i kvardagen er blant årsakene til auken i psykiske lidingar.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags