Vil ha barnevernberedskap heile døgeret

Levekårskomitéen sa ja til prosjekt for barnevernet. Eit av måla med prosjektordninga til hausten er å sikra barn og unge ei operativ barnevernberedskap heile døgeret.

DEL

I eit samrøystes vedtak i Levekårskomitéen 27. mai 2018 gjekk politikarane inn for kommunedirektøren si innstilling om at Kvinnherad kommune skal gjennomføra ei ordning for barnevernet sin akuttberedskap.

Ordninga skal gjennomførast som eit prosjekt i perioden august 2019–august 2020. Ordninga er basert bruk av passiv vakt utanfor ordinær opningstid, og skal kombinera å nytta personell i andre døgntilbod for barn og unge dersom det er behov for utrykking. Den totale kostnaden er berekna til rundt 580.000 kroner for heile prosjektperioden.

Samarbeid
Det vart samstundes vedteke at kommunen skal halda fram drøftingar om mogleg samarbeid med andre kommunar, for å sjå på løysingar for akuttberedskapen for framtida. Ordninga skal sikra best mogleg løysing for barn og unge på kort og lang sikt. Leverkårskomitéen ynskjer ei orientering om barnevernet i komitémøtet etter sommarferien.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags