Valedamene blei stifta på nyåret, etter ein idé om å gjera noko ekstra for Valen.

Fredag heldt dei sin første basar i grendahuset på Valen. Til liks med quizen som gjekk av stabelen i påsken, blei helgas arrangement utselt i god tid i førevegen.

– Knallgøy!

Allereie frå første stund var stemninga god i lokalet. Folk i alle aldrar hygga seg saman gjennom to rundar med årer, lodd og Nils Trygve Markhus sin musikk.

70 billettar blei selde. På førehand blei det også selt lodd. Heldige vinnarar fekk premiar som gåvekort, syklar, Berganssekk, frisørtime og gåvekort på laks hos Viking Fjord. Etter basaren var det duka for dans og fest i lokalet.

Styreleiar i Valedamene, Veronica Thorkildsen Thorsen, var strålande fornøgd etter kvelden.

– Det var knallgøy, og det trur eg alle andre som var med syntest òg, seier styreleiaren til Kvinnheringen.

Sankthans-arrangement

I påsken heldt Valedamene sitt første arrangement, med quizen i grendahuset. Etter to fulle hus, ser styreleiaren fram til fortsetjinga:

– Dette gjer vi i hovudsak for å skapa liv i bygda. Med inntektene håpar vi få nok pengar som vi kan bruka på jobben med grendahuset her. Vi er i gang med oppussingsarbeid. I kjellaren kjem det trimrom og toalett. På loftet håpar vi på sikt å få til eit TV-rom, der ein til dømes kan møtast og sjå fotball saman. Til hausten håpar vi arbeidet er ferdig, slik at lokalet blir klart for bruk igjen, seier Veronica Thorkildsen Thorsen, og legg til:

– Vi ønskjer mellom anna å laga ein familiebasar, gjerne på dagtid. No jobbar vi òg med å få til eit arrangement på Sankthansaftan. Det har ikkje vore ein felles samlingsstad denne kvelden her på Valen. Derfor ønskjer vi å laga til noko ved sjøen der dei som ønskjer kan samla seg og ha det kjekt saman, seier ho.