– Kjekt å kunna bidra med lokale arbeidsplassar

Lidenskapen for bil og motor gjorde det vanskeleg å takka nei då sjansen baud seg, så etter over 20 år i oljebransjen hoppa Kurt Jonny Johnsen av for å ta over Husnes Motor AS. Skjønt ikkje utan ei viss frykt for om han kunne leva opp til dei tidlegare eigarane sine resultat.