Ny kontrakt til Norsafe

Norsafe skal levera livbåtar til denne typen frakteskip. (Foto henta frå Norsafe.com).

Norsafe skal levera livbåtar til denne typen frakteskip. (Foto henta frå Norsafe.com).

Artikkelen er over 4 år gammel

Norsafe har signert kontrakt med VARD Group om leveranse av livbåtar med davitsystem til 15 frakteskip. Norsafe-produksjonen vil skje i Kina.

DEL

Det melder selskapet på nettsidene sine torsdag.

Topaz Energy and Marine, som har hovudkontor i Dubai, er oppdragsgivar for skipsverftet VARD Group som skal produsera 15 nye frakteskip. Kvart skip er 123 meter langt og 16,5 meter breitt, og skal byggjast på VARD sine anlegg i Vietnam og Romania.

Norsafe har signert kontrakt om å levera to livbåtar av typen JYN 57 med davitsystem LHD-60 til kvart av desse nye frakteskipa. Leveransen blir mellom januar 2017 og juni 2018.

Norsafe Group har hovudkontor i Arendal. Norsafe vil produsera dei nye livbåtane til VARD group i Kina. Dermed inneber den nye kontrakten ikkje arbeid for dei tilsette ved Norsafe Årsnes.

– Den nye kontrakten får ingen direkte konsekvensar for drifta verken på Årsnes eller i Arendal, seier administrerande direktør i Norsafe Dag Songedal til Kvinnheringen fredag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags