Kvinnherad kommune eig 13 prosent av aksjane i jubileumsbedrifta Opero. Bedrifta held til på Heiane i Stord kommune, og er ei arbeids- og inkluderingsbedrift for heile Sunnhordalandsregionen.

Dei tilbyr eit breitt spenn i produkt og tenester. I utgangspunktet er industriproduksjon grunnpilaren, men dei driv også med arbeidstrening og kvalifisering på fleire område. Gjennom tett samarbeid med Nav har mange fått skreddarsydd kompetansen sin for vidare arbeid i lokale bedrifter.

– Bedrifta har tett kontakt med næringslivet og arbeider målretta med å formidla jobbsøkarar til ordinært arbeid, skriv dagleg leiar Birte Nilsen.

Opero har fungert som ei samfunnsnyttig bedrift og vil i framtida forsetja å vera ein stad fleire kan starta yrkeskarrieren sin.