I full sving igjen på Opsanger

GLEDE: Gudmund Øvrehus, Håkon Ekeland, Trond Skarveland, Tore Thorkildsen og Rune Skarveland gler seg over at det blir nytt liv på industriområdet på Opsanger.

GLEDE: Gudmund Øvrehus, Håkon Ekeland, Trond Skarveland, Tore Thorkildsen og Rune Skarveland gler seg over at det blir nytt liv på industriområdet på Opsanger.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I dei tidlegare lokala til Bergen Group Skarveland er no ti mann i full sving for det nystifta selskapet BKS-service AS.

DEL

18. september skreiv Kvinnheringen om konkursen til Bergen Group Skarveland. Etter den tid har det skjedd mykje.

Sist veke kjøpte Skarveland Eiendom AS opp buet etter det konkursråka selskapet. Frå før av eigde selskapet eigedomen og bygningane. Dermed har brørne Rolf Otto, Trond og Rune Skarveland, som står bak Skarveland Eiendom, no også hand om inventar og utstyr. Skarveland-brørne har fram til no leigd ut eigedommen til Bergen Group Skarveland.

Rune Skarveland vil ikkje seia noko om kor store verdiar dei har kjøpt, men at det er snakk om heile varelageret inkludert bilar og utstyr. Og utstyret er alt kome til nytte.

I etterkant av konkursen til Bergen Group-selskapet har fleire interessentar vore på banen for å leiga området.

– Vi hadde fleire interesserte, men kom raskt til at vi ville leiga det ut til BKS-industri AS, ved Tore Thorkildsen og Gudmund Øvrehus, seier Rune Skarveland.

– Det er to dyktige karar vi kjenner godt, og som vi tidlegare har jobba saman med i Per Skarveland AS, fortel Rune og Trond Skarveland.

– I samband med at BKS vil leiga området, har det blitt stifta eit nytt selskap; BKS-service AS. Vi går inn der som minoritetseigarar, med rundt 35 %. Vi blir ikkje aktive eigarar, men tykkjer det er kjekt å kunna vera med i eit selskap som satsar lokalt, seier Rune Skarveland.

I tillegg til Skarveland Eiendom er det Tore Thorkildsen og Gudmund Øvrehus som eig selskapet BKS-Service AS.

Jobb igjen

Og det tok ikkje lange tida før første jobben til det nye selskapet var sikra. Måndag ettermiddag var BKS-service i møte med Hydro Husnes, og i kveldinga kom beskjeden om at selskapet har fått jobben med å vedlikehalda og produsera anodestavar for Hydro Husnes. Dermed kunne Tore Thorkildsen og Gudmund Øvrehus måndag kveld ringa til ti personar og spørja om dei ville ha jobb tysdag morgon. Og presis 07.00 tysdag morgon var sveiseapparata i full sving igjen på Opsanger. Blant arbeidarane var Raymond Johnsen som Kvinnheringen snakka med då Bergen Group Skarveland gjekk konkurs. Den dagen var han naturleg nok svært skuffa. Etter 18 år i same verksemda måtte han gå ut dørene den 18. september.

– Det blir rart å skriva søknader igjen, og sjølvsagt vil det merkast når rekningane skal betalast, sa Johnsen då.

I går var det ein smilande Johnsen vi møtte. Han trong ikkje senda nye søknader om jobb.

– Eg kan ikkje seia eg trudde det ville ordna seg så raskt, seier Johnsen, som er svært glad for å ha fått jobb i BKS-service.

– Her er det berre å gå i gang med akkurat det same som vi gjorde før, maskinane er dei same, og jobben er den same, seier ein nøgd Johnsen.

Glade

Tysdag føremiddag møter vi ein anna glad gjeng i Gudmund Øvrehus, Tore Thorkildsen, Håkon Ekeland og brørne Trond og Rune Skarveland. Ein lystig gjeng som igjen har funne saman.

Gudmund Øvrehus og Tore Thorkildsen gjekk inn i selskapet BKS i 2012, og i 2014 tok dei to karane over heile verksemda som driv med røyr. Selskapet har omsetningsmessig vakse år for år, og i 2014 hadde dei 111 millionar i omsetjing. Det er totalt 72 tilsette, der storparten av dei arbeider rundt omkring i landet frå Hammerfest i nord, og sørover. Den største jobben deira er i dag i Tyssedal, medan det i Kvinnherad er om lag 20 mann i arbeid. Selskapet har halde hus på Opsanger på Sunde, berre eit steinkast frå dei nye lokala dei no skal inn i.

– Vi er svært glade for å ha fått til denne avtalen med brørne Skarveland, og ser fram til å samarbeida med dei. Ambisjonen vår på sikt er klart å skaffa meir aktivitet her på området, seier Torkildsen og Øvrehus.

– Skarveland-brørne er òg nøgde, og seier dei har stor tru på det nye selskapet.

– Det er tøffe tider no, men på sikt så trur eg det er mogleg å byggja seg jamt og trutt opp her. Dessutan var det ein fin flying start med oppdraget for Hydro Husnes. Vi har kjempa saman i tøffe tider før og dette blir utruleg spanande, seier Rune Skarveland.

– Vi hadde dessutan behov for meir plass, og området vi leiger no er meir moderne. Når vi i tillegg får med oss brørne Skarveland, er det glitrande, seier Øvrehus og Thorkildsen.

Håkon Ekeland er ein av dei som har arbeidd på Opsanger i mange år, under skiftande eigarar i selskapa. No er han med på laget, og skal leia arbeidet opp mot Hydro Husnes.

Også han er svært glad for den nye avtalen som er komen på plass.

– Arbeidet for Hydro Husnes er noko vi kan og har arbeidd med tidlegare, så her kan vi berre køyra på som før, seier Ekeland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags