Forfattarmøte med Bildøen og rosendalsjenta Erstad i biblioteket

FORFATTARTREFF: Møt Brit Bildøen (foto: Linda Cartridge) og Veronica Erstad (foto: Anne Andersen) i eit spennande møte i biblioteket 11. april.

FORFATTARTREFF: Møt Brit Bildøen (foto: Linda Cartridge) og Veronica Erstad (foto: Anne Andersen) i eit spennande møte i biblioteket 11. april.

Artikkelen er over 1 år gammel

Den etablerte forfattaren Brit Bildøen møter den unge og lovande rosendalsjenta Veronica Erstad på biblioteket onsdag 11. april.

DEL

Møtet er det første som finn stad som del av biblioteket sin serie av forfattarmøte, «Gamal vin møter ny». Ideen går ut på å la nokre forfattarar med lokal tilknyting velja seg ein yngre forfattar som dei har tru på. Bildøen er møring, men mange hugsar henne som bibliotekar på Kvinnherad bibliotek for ein del år sidan. Veronica Erstad er ein lovande forfattar frå Rosendal med tre bøker bak seg. Dette er kva biblioteket seier om desse to i ei pressemelding:

«Brit Bildøen (f. 1962) er av fleire rekna som ein av Noregs fremste samtidsforfattararar. Ho har ein rik og mangslungen forfattarskap bak seg. Ho har gitt ut både diktbøker, gjendiktingar, romanar, barnebøker og essay.  Bildøen har mottatt ei rekke priser for bøkene sine, m.a. har ho fått P2-lyttarane sin romanpris i 2014 for den sterke romanen «Sju dagar i august», som tek opp tema som klima og sorg knytt til det å miste sitt einaste barn 22. juli. Ei viktig bok til å bli klok av.

Veronica Erstad (f. 1979) er i starten av ein forfattarkarriere. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og forfattarstudiet i Tromsø. Ho debuterte på Samlaget med diktsamlinga «Eg er så nær morgonen eg kan kome» i 2015. I 2015 kom også den første barneboka «Kattejenta» på Cappelen Damm. Kattejenta er ei fin høgtlesingsbok om vener og katter og det å ville bestemma sjølv. I 2018 kom romanen «Av meg er det mange» på Samlaget.

– Biblioteket ønskjer alle vel møtt til ein spennande forfattarkveld med Brit Bildøen og Veronica Erstad på Husnes onsdag 11. april, helsar biblioteksjef Trude Hege Bergesen.

Samtidig minner ho om neste arrangement i serien. Det går av stabelen onsdag 18. april med forfattarane Per Olav Kaldestad frå Kaldestad og Arnt Birkedal frå Stavanger.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags