Brannvesenet: Låg risiko for brann i elbilar

Delar av parkeringshuset som raste saman etter brannen på Stavanger lufthavn Sola.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Delar av parkeringshuset som raste saman etter brannen på Stavanger lufthavn Sola. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Av

Norsk Elbilforening meiner Gjensidige skapar eit feilaktig inntrykk av at elbilar er utrygge brannbomber etter den kraftige brannen i eit parkeringshus i Sola.

DEL


– Elbilar tar ikkje oftare fyr enn bensin- og dieselbilar. Snarare tvert om, seier Sigurd Folgerø Dalen, fungerande informasjonssjef i Oslo brann- og redningsetat, til Teknisk Ukeblad.

Dersom batteriet til ein elbil tar fyr, er det vanskeleg å sløkke. Men det skal mykje til før batteriet tar fyr, ifølgje Dalen.

Tysdag braut det ut ein kraftig brann i eit parkeringshus ved Stavanger lufthamn. Mellom 200 og 300 bilar blir rekna å vere brannskadde. Fleire medium meldte at brannen starta i ein elbil, men det har seinare vorte tilbakevist. Brannen starta i ein eldre dieselbil, ein Opel Zafira frå 2005.

Bjarne Aani Rysstad, kommunikasjonssjef i forsikringsselskapet Gjensidige, er blant dei som har uttrykt bekymring spesielt for brann i elbilar i parkeringshus. Han seier at batteria i elbilar utgjer størst brannfare når det først går gale, sjølv om brannfaren isolert sett ikkje er høgare enn i andre bilar.

Norsk Elbilforening meiner det er uheldig at Gjensidige skapar inntrykk av at elbilar er utrygge brannbomber.

– Sjølvsagt skal ein frykte brann i parkeringshus. Men den frykta bør gjelde alle bilar – sidan alle bilar brenn, seier generalsekretær Christina Bu.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags