Slik blir gateløpet på Opsangervegen

Helga 31. mai til 2. juni blir ein stor bilfest på Husnes.

DEL


  • Vi sender direkte på Kvinnheringen.no frå det som blir tidenes første

    «drag race» i Kvinnherad!


Laurdag og søndag blir det «drag race» på Opsangervegen, eit løp på 201 meter der to og to bilar skal køyra om kapp.

Det er Amcar Kvinnherad som står bak arrangementet. Med seg på laget har dei NAF, Husnes Storsenter, Husnes Camping, jentegruppa «GRL PWR» og lokale bilentusiastar. Kvinnherad brann og redning og hjelpekorpset stiller med frivillige.

Dei to separate løpa er nummer 3 og 4 i ein serie på 10 som blir køyrt i «West Coast Cup» på Vestlandet. Deltakarar er venta frå Jæren i sør til Nordhordland i nord, opplyser arrangøren.

– Det er eit miniatyrløp av vanleg «drag race». Av sikkerheitsmessige årsaker kan ein ikkje køyra fortare enn 173 kilometer i timen, då blir ein automatisk diskvalifisert, forklarer Truls Skeie i Amcar Kvinnherad.

– Kan kven som helst køyra?

– Ein kan stilla med den bilen ein ønsker så lenge det er skilt på den. Men den må gjennom ein teknisk kontroll og sjåføren må betala for dagslisens. Lisensen gir til gjengjeld forsikring på bilen. Ein må òg ha godkjent hjelm og heildekkande kle for å køyra, fortel Skeie.

– Vi håpar ein del lokale vil prøva seg! legg Stein Bjarte Kaldestad i Amcar-klubben til.

Amcar Kvinnherad begynte å snakka om ei slik bilhelg på Husnes i fjor haust.

– Vi tok det opp med Kvinnherad lensmannskontor, og dei var positive. Og sidan dei ikkje hadde noko å seia på det, var òg Kvinnherad kommune som eigar av vegen glade for at vi ville arrangera noko slikt, seier Skeie.

– Tommel opp til dei, altså. Fantastisk! Det er kjekt å halda på når det går så radig, utan mange søknadar og styr, skryt Kaldestad.

– Bergensklubben var òg i fyr og flamme då dei fekk vita at vi kunne tenka oss å arrangera. Dei har vore på jakt etter ein stad å køyra i vestlandscupen. Dei har vore her ved fleire høve for å sjekka forholda. Alt ligg til rette her med ein rett og fin veg, seier Skeie.

For høvet har seks personar frå Amcar Kvinnherad vore på avviklingskurs. Skeie anslår at mellom 25 og 50 personar kjem til å vera i sving med avviklinga over dei to dagane, og at kanskje så mange som 50 bilar kjem for å konkurrera.

– Vi er uansett ikkje kompetente nok til å gjennføra eit slikt arrangement. Det er Bergen Street Legal Team med si erfaring som kjem til å ta seg av, medan vi skal jobba i kulissane og hjelpa med alt anna, held Skeie fram.

Den store bilhelga på Husnes startar med NAF sin årlege autoslalåm på Hydro Husnes sin parkeringsplass fredag. Under billøpa laurdag og søndag vil det bli omkøyring via Hidlervegen og Kolavegen. Bilane kjem til å køyra frå området ved Gryhelges Bar & restaurant og mot rundkøyringa ved Undarheim skule.




Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags