Søkjer om iskøyring

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


Ronny Teigen frå Husnes Pit-Stop Service AS har igjen søkt kommunen om å få løyve til å køyra bil på isen på Opsangervatnet i vinter.

– Vi ønskjer å vera tidleg ute i år, og håpar det gamle ordtaket «fin og god sommar gir kald og fin vinter» slår til, skriv Teigen, og legg til at tilbodet om iskøyring har vore populært for motorinteresserte i alle aldrar.

Om mogleg ønskjer Teigen å søkja om løyve for tre vintrar framover, i åra 2018/2019, 2019/2020 og 2021/2022.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags