Gå til sidens hovedinnhold

Høg stemningsfaktor på «Det store korslaget» - Her kan du sjå bilder!

22. september 2019, kl. 01:00

Det var ikkje eitt ledig sete igjen då Halsnøy kulturhus inviterte til ein lokal vri på tv-konkurransen "Det store korslaget" laurdag kveld. I alt var det fire lag, eller kor om ein vil, som skulle kniva om den store pokalen: Team Anja (Regin), Team Bård (Øvsthus), Team Kristin (Isdal Eide) og Team Therese (Njøten). Då alle laga hadde levert to låtar kvar, var det Kristin og hennar kor som klarte og imponera dommarpanelet mest. Kvelden blei leda av skøyarduoen Zelveste Jostein Tvedten og Olav Hilmar Koløy.