Like etter klokka 05.30 søndag morgon rykte naudetatane ut til ei bilulukke på Sæbøvikvegen i nærleiken av Eid kyrkje. Bilføraren, ein 19 år gammal mann, var åleine i bilen då han køyrt inn i eit tre. Folk i nærleiken kom kjapt til staden, og varsla naudetatane. Føraren sat fastklemt i bilen, og etter at naudetatane fekk han laus blei det jobba med å stabilisera han før han vart flydd til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. Tilstanden til 19-åringen er kritisk skadd, og dei nærmaste pårørande er varsla, melder politiet.

 

Bilen 19-åringen sat i er totalskadd etter ulukka. Då Kvinnheringen var på ulukkesstaden stod bilen framleis i vegbana, og politiet dirigerte mindre køyretøy forbi. Statens Vegvesen si ulukkesgruppe kom òg til staden for å gjera undersøkingar.

 

Norled melder at ferja midlertidig går til Sunde ferjekai, og ikkje Ranavik, på grunn av vegstenginga.