Planlegg biogassanlegg: – Har fått førespurnad frå private i Kvinnherad som er interesserte

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Sunnhordland Naturgass har planar om å byggja eit biogassanlegg. Aktuell lokalisering som har blitt lansert er Sagvåg, men i ein førehandskonferanse med Stord kommune kom det fram at kommunen vil krevja full reguleringsplansprosess før ei slik etablering.

Jan Kåre Pedersen i Sunnhordland Naturgass seier til nettstaden Stord 24 at han òg ser på både Fitjar og Kvinnherad, i tillegg til Bømlo, som alternative plasseringar.

– Me har fått førespurnad frå nokre private i Kvinnherad som er interesserte, uttalar Pedersen til nettstaden.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags