Vil ha biogassanlegg til Kvinnherad

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

På Stord har det vore massiv motstand mot biogassanlegg. I Kvinnherad vert dette ønskt svært velkommen.

Det var Hans Inge Myrvold som i budsjettdebatten i kommunestyret slo eit slag for eit biogassanlegg.

– Det er mange piler som peikar oppover i Kvinnherad, og vi må vera offensive, sa Myrvold. Han viste til at Senterpartiet og Høgre no vil få laga eit forprosjekt for bygging av eit biogassanlegg her i kommunen.

– Dette må vera tufta på lokal berekraft og lokal verdiskaping, sa Myrvold.

Gaute Lund (SF) applauderte dette forslaget og var klar på at det burde plasserast i Omvikdalen.

– Her er vi herda frå før, sa han.

Biogass er ei god Venstre-sak, det støttar vi, sa Kent Are Kjørsvik Petterson.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken