Det nye programmet har premiere i morgon kveld, og skal handla om seks bortskjemte ungdomar i alderen 18–25 år som no skal flytta saman og klara seg utan foreldre, Facebook og vener. Ein av dei seks ungdomane er Remi (25) frå Husnes. I kvar episode skal ungdomane inn i ein ny jobb for å tena til livets opphald, og dei må sjølve må ta ansvar for husarbeid og økonomi. På sidelinja følgjer foreldra deira med for å evaluera ungdomane, og den med størst utvikling kan vinna heile 100.000 kroner.