NM-sølv til Atle Helland

SØLV I NM: Atle Helland tok NM-sølv i bogeskyting i helga.arkivfoto

SØLV I NM: Atle Helland tok NM-sølv i bogeskyting i helga.arkivfoto

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Innandørs-NM på Klepp resulterte i pallplass til bogeskyttaren Atle Helland frå Valen.

DEL

Som Kvinnheringen skreiv førre veke, reiste sju lokale bogeskyttarar til Klepp for å delta i innandørs-NM i bogeskyting denne helga. 300 deltakarar frå 49 klubbar konkurrerte, og i kamp mot svært aktive bogeskyttarar, hadde ikkje medlemene i Kvinnherad buejegerklubb stor tru på førehand på at dei skulle klara medalje. Men Atle Helland frå Valen gjorde det bra både i dei innleiande rundane og i finalen. I sistnemnte tok han sølvmedalje i klassen Herre 50+, berre slått av tre gonger norgesmeister Paul Ole Hagen frå Elverum.

— Det var veldig kjekt å greia sølv i konkurranse med så mange gode bogeskyttarar. Allereie innleiingsvis gjekk det fint. Ein blir rangert her, og eg blei også då rangert til ein 2. plass, fortel Helland.

Den skytinga han kanskje var aller mest nøgd med under NM, var nettopp den innleiande.

— Her fekk eg 578 poeng, noko som berre er to poeng bak den ti år gamle norske rekorden.

Helland har også tidlegare teke medaljar under NM i bogeskyting. Ein som elles NM-debuterte i helga, var 75 år gamle Hans Gertz.

— Eg har inntrykk av at han synest det var ei kjekk oppleving å delta i NM. Det var i det heile ei opplevingsrik helg for alle i Kvinnherad buejegerklubb, seier Helland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags