Oppgitt over bokbuss-kontrakt

DEL


Onsdag takka bokbussen for seg, men ein ny buss vil kanskje ikkje vera på plass før sommaren, informerte konstituert rådmann, Torstein Aarthun, om i torsdagens formannskapsmøte.

Grunnen var at dei som har fått kontrakt på å bygga ein ny bokbuss ikkje har klart å levera, og i kontrakten har ikkje Kvinnherad skrive noko om konsekvensar for sein levering.

Hilde Enstad (Ap) var oppgitt over at det var skrive ein så svak kontrakt, medan Hans Inge Myrvold (Sp) var løysingsorientert og lurte på om ein kunne låna bokbussar frå nabokommunane dei dagane dei ikkje var i bruk.

Marit Årthun (KrF) peikte på at det måtte vera mogleg å bestilla bøker elektronisk, å få ein bil til å køyra rundt med bestillingane.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags