Ville ikkje ha rådmannen sine takstar

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 2 år gammel

Kommunestyret droppa rådmannen sitt forslag til takstar i Halsnøytunnelen, og gjekk samrøystes inn for 94 kroner for personbilar og 259 kroner for større køyretøy. Men berre personbilar vil få rabatt.

DEL

Mange kjensler var i sving då kommunestyret diskuterte ny takstordning for Halsnøytunnelen torsdag kveld. Rådmannen hadde som kjent innstilt på nye takstar på 143 kroner for personbilar, og 393 kroner for store køyretøy. Han ville òg nytta høvet for eit tak på 30 passeringar, som eit gode for dei som nyttar tunnelen mest. Rådmann Odd Ivar Øvregård forklarte kommunestyret bakgrunnen for innstillinga si, og skildra saka som vanskeleg og ubehageleg.

– Eg har lese i avisene at rådmannen vil dobla takstane. Eg er ikkje så sikker på at rådmannen vil det, sa han, og forklarte at både sentrale mynde har bestemt at det skal gjerast ein auke i takst frå den opphavlege prisen, og at det generelle høvet for rabatt blir dårlegare: frå 40 til 20 prosent.

– Men det har kome eit nytt høve, og det er at ein kan setja tak på talet plasseringar. Etter 30 betalte kan ein reisa gratis resten av månaden. Denne ordninga vil føra til ein kostnadsauke på 7-800 kroner i månaden i forhold til andre rabattar, så difor må ein då setja opp prisen på dei vanlege plasseringane, forklarte Øvregård.

På spørsmål om det var mogleg å halda seg utanfor den nye takst- og rabattordninga, var svaret ja, men at då må Halsnøysambandet laga ei eiga ordning for innkrevjing, med dei ekstrakostnadane det fører med seg.

Etter mange innlegg frå talarstolen, og pausar for å diskutera med resten av gruppa, føreslo Hege Lægreid Røssland (SF) at ein går for takstane som Statens vegvesen hadde førespegla då endringa blei varsla: 94 kroner for takstgruppe 1 og 259 kroner for takstgruppe 2. Som den nye standarden tilseier, skal berre takstgruppe 1 få høve til rabattbrikke på 20 prosent, noko som vil gi ein pris på 78 kroner per passering. Noko passeringstak vil det ikkje bli lagt opp til. Kommunestyret gjekk samrøystes for innstillinga, og hovudaksjonær i Halsnøysambandet, Hordaland fylkeskommune, skal ta endeleg stilling til prisane.

I dag kostar det 100 kroner per passering for takstgruppe 1, med høve for 40 prosent rabatt. Også køyretøy i takstgruppe to har per i dag høve for 40 prosent rabatt. Opphavleg pris per passering her er 320 kroner per passering, og med rabatt 192 kroner per passering. Desse køyretøya (som har rabatt) vil med det få ein auke på 67 kroner per passering om dei nye takstane blir endeleg vedteke frå hovudaksjonær si side.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags