Leik og moro på skidag i Fjellhaugen

AKING: Ein trio var aktive på akefronten, og det var full fart nedover ein bakketopp. Her ser vi 7-åringane Inga Saghaug (framme), Mari Bondhus Holmedal (t.v.) og Olina Hjønnevåg Heimvik (t.h.) i farta.

Denne veka har fleire av grunnskulane i Kvinnherad hatt skidag ved Fjellhaugen Skisenter.

DEL

Tysdag formiddag var Kvinnheringen oppe ved Fjellhaugen skisenter for å sjekka forholda og måla trivselsfaktoren under skidagen. Den scora ekstremt høgt. Med strålande sol og vindstille forhold, kosa elevar frå Omvikdalen, Uskedalen og Skarveland barneskule seg med aking og langrennsski, og trekket var ope for dei som ville ha litt fart og spenning i bakkane.

SOL: Det var strålande sol og vindstille i Fjellhaugen tysdag formiddag.

SOL: Det var strålande sol og vindstille i Fjellhaugen tysdag formiddag.

– Eg har aka og rulla i snøen! smilte ei av elevane frå Skarveland skule, Mia Heimvik (7).

Akeeventyr

I akebakken hadde ein trio lagt sin elsk på aking denne dagen: Sjuåringane Inga Saghaug, Mari Bondhus Holmedal og Olina Hjønnevåg Heimvik frå Skarveland skule. Dei fordelte seg på to akebrett og fór utfor bakketoppen, i full fart i retning mot underteikna bladfyk. Det såg ei stund ut til å bli ein liten kollisjon, men dyktig unnamanøver av Inga redda situasjonen. Jentene fall av akebrettet og skrattlo.

– Ein gong til? spurde ei.

– Ja! svarte dei to andre, og det bar oppover akebakken igjen.

Langrennski

Like bortanfor var det ei jente som stod klar for å setja utfor ein 50 meter lang bakke med langrennsskia. Ho fekk nokså god fart nedover, og var stødig på skia under heile nedfarta.

– Det er så gøy! braut førsteklassingen Mathea Askeland (6) frå Skarveland skule ut då ho hadde fått stoppa.

LANGRENN: Mathea Askeland (6) var ivrig på langrennski. Ho hadde tidlegare på dagen gått litt i dei preparerte løypene, men litt seinare på dagen var det god fart ned ein 50 meter lang bakke som gjaldt.

Ho smilte godt og tok litt hår vekk frå ansiktet, men måtte mysa sidan sola skein rett i ansiktet hennar.

– Eg har stort sett stått på langrenn i dag.

Skitrekket

Det var kø ved skitrekket, og det kom stadig ein og annan i god fart nedover dei preparerte bakkane.

– Det er jo heilt fantastiske forhold! sa ti-åringane Kristina Rød Heimvik og Inger Helen Einarsen.

SLALÅM: 10-åringane Kristina Rød Heimvik (t.v.) og Inger Helen Einarsen stod stort sett på slalåm på skidagen.

SLALÅM: 10-åringane Kristina Rød Heimvik (t.v.) og Inger Helen Einarsen stod stort sett på slalåm på skidagen.

Dei har vore ivrige i trekket, og har tatt av seg slalåmskia, sidan det nærma seg heimreise.

– Har de vore her på skidag før? spurde vi.

– Ja, opp til fleire gonger, svarte dei smilande.

Desse skulane deltok på skidagen:

Tysdag: Uskedalen, Omvikdalen og Skarveland

Onsdag: Hatlestrand barne- og ungdomsskule, Valen, Halsnøy og Bringedalsbygda skule.

Torsdag (avlyst): Undarheim, Mauranger og Øyatun skule

Fredag (avlyst): Rosendal ungdomsskule, Husnes ungdomsskule og Malmanger skule.

Torsdag og fredag blei skidagen avlyst grunna dårlege vêrutsikter, men desse skulane skal ha skidag ved eit anna høve når vêret er betre.

Skidag

Heile denne veka har det vore skidag for grunnskulane i Kvinnherad i Fjellhaugen skisenter. Alle skular har fått tilbodet om å delta, og dei fleste har takka ja til å vera med. Øystein Svendsen, leiar ved Fjellhaugen Skisenter, har vore ein primus motor for å få dette til. I tillegg har fleire lokale bedrifter sponsa med midlar for at det heile skulle bli realisert.

HEIMREISE: Skarveland skule gjorde seg klar for å setja snuten heimover idet det nærma seg slutten på skidagen.

HEIMREISE: Skarveland skule gjorde seg klar for å setja snuten heimover idet det nærma seg slutten på skidagen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags