Brann i rekkehus på Halsnøy

DEL


Klokka 17.29 søndag ettermiddag, melde 110 Hordaland om brann i eit rekkehus i Høylandsbygd på Halsnøy.

Like etter klokka 18 hadde brannvesenet kontroll på staden, og sikra at brannen ikkje spreidde seg. Det skal ikkje ha vore nokon heime i bustaden der brannen oppstod.

Det har brunne i takkonstruksjonen, men det er enno ikkje kjent kva som er årsaka til brannen. Ein nabo fortalde at han såg røyk komma ut av vindauget.

Leilegheita blei totalskadd, medan naboleilegheitene ikkje blei råka.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags