– Sjekk røykvarslaren din

VIL FØREBYGGJA: Øyvind Ousdal i Kvinnherad brann og redning minnar om at folk bør sjekka røykvarslarane sine i førjulstida. (Pressefoto).

VIL FØREBYGGJA: Øyvind Ousdal i Kvinnherad brann og redning minnar om at folk bør sjekka røykvarslarane sine i førjulstida. (Pressefoto).

Av
DEL


I perioden 2000 til 2017 var det 4.774 bygningsbrannar i fylket. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 516 brannar, og desember med 502. Ingen personar er så langt i år omkome i brann i Hordaland.

– Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å byta batteri tidleg i desember, helst 1. desember som er Røykvarslardagen, seier Øyvind Ousdal i ei pressemelding.

Han er leiar for førebyggande i Kvinnherad brann og redning. Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunna høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.


Kopla røykvarslarane saman

– Du bør kopla røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuera, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redda liv, seier branningeniør Mette Vintertun i Kvinnherad brann og redning.

Røykvarslarar bør testast jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuga den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.


40.000 bustadkontrollar

Om lag 40.000 husstandar over heile landet får 4.–6. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og eltilsyn med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.

– Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For dei som ynskjer ein slik sjekk er det flott om ein tek kontakt med brannførebyggande avdeling så kan vi avtala ein kontroll. Sjekken er frivillig og kontrollørane vil legitimera seg når dei ringjer på, seier Vintertun.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. På røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken, står det i pressemeldinga frå Kvinnherad brann og redning.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags