Melde om brann i løe på Fjelberg

Naboar varsla om brann i ei løe på Fjelberg tysdag føremiddag.

DEL


Vest politidistrikt melde på Twitter rundt klokka 11 tysdag at det var brann i ei løe på Fjelberg, og at naudetatane var på veg.

– Både Fjelberg-, Halsnøy- og Husnesstasjonen rykte ut til meldinga om brannen, seier brannsjef Atle Josdal til Kvinnheringen.

Ifølgje brannsjefen viste det seg å ikkje vera så dramatisk som først antatt.

– Det var naboar som meldte ifrå om brannen, og ringde til 110-sentralen, og det blei sendt ut nødvendige ressursar utifrå den meldinga som vi fekk, men det var ikkje så stor dramatikk som vi trudde, seier han.

Klokka 11.25 kom Vest politidistrikt med ei oppdatering på Twitter om at brannen ikkje var meldt inn på førehand, slik dei først hadde gått ut med, og at politiet ville følgja opp forholda.

– Vi er i gang og sjekkar opp i saka om dette var ein brann som var meldt inn eller ikkje. Vi kan ikkje seia noko om kva som er tilfellet her, men det blir framleis sendt brannvesen til Fjellberg for å sjekke omstenda, fortalde lensmann Sigurd Børve ved lunsjtider tysdag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags