Vurderer bøter dersom folk ikkje respekterer forbodet

Det er enno stor brannfare i Kvinnherad. Her frå ein skogbrann tidlegare i vår. (Arkivfoto).

Det er enno stor brannfare i Kvinnherad. Her frå ein skogbrann tidlegare i vår. (Arkivfoto).

Kvinnherad brann og redning hadde fire utrykkingar berre på onsdag.

DEL

Lensmann Sigurd Børve ønsker torsdag å understreka at det enno er forbod mot bålbrenning:

– Utifrå ei fagleg vurdering vil ein halda fram med forbodet. Sjølv om det er komen litt regn dei siste dagane, er det meldt om meir sol og varme. Det er viktig at folk får dette med seg. Ikkje sett fyr på ting og tang enno, før fagetaten faktisk går ut og seier at det er ok igjen, seier Børve, og held fram:

– Det har vore ein lang tørkeperiode. Litt regn hjelper då lite. Når ein ser på kva konsekvensar tørken har fått andre stadar, synest eg det er heilt greitt at forbodet held fram. Grilling i privat hage er lov, elles må ein visa stor aktsemd.

Varabrannsjef i Kvinnherad brann og redning, Øyvind Ousdal, minner om at det frå sentralt hald er oppgradert til faregrad fem i Hordaland og Rogaland etter ekstremtørken.

– Faren er enno stor. Likevel er det folk som brenn bål. Berre i går hadde vi fire turar. Eg håpar verkeleg folk kan respektera forbodet. Politi kjem saman med oss til å køyra ut framover, og det vil bli vurdert bøter viss ikkje folk tar forbodet på alvor. Det er synd, eg skjønar at folk kan mista tolmodet, men vi er nøydd å begynna å strame inn, seier Ousdal til Kvinnheringen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags