Dramatikk på ungdomsskulen: – Elevar stod bak brannen

Det begynte å brenna på ein toalett på Husnes ungdomsskule onsdag. Foto: Elisabeth Berg Hass.

Det begynte å brenna på ein toalett på Husnes ungdomsskule onsdag. Foto: Elisabeth Berg Hass.

DEL

Alle ved Husnes ungdomsskule måtte evakuerast i 14-tida onsdag.

Ifølgje verksemdsleiar ved skulen, Lilli Britt Urheim, skal elevar ha tent på toalettpapir i tørkerullhaldaren på gutetoalettet. Det skjedde i tidsrommet 13.45–14.15.

Urheim seier til Kvinnheringen at dei sjølv prøvde å sløkka brannen, og at dei trudde dei hadde klart det. Dei måtte be vakthavande ved tekniske tenester i Kvinnherad kommune om assistanse då brannen blussa opp att. Dei held til like i nabobygget.

Dermed måtte dei tilkalla naudetatar, og alle i bygget blei evakuerte. Røykdykkarar fekk sløkt flammene, men det var lenge mykje røyk på staden.

Då situasjonen var under kontroll, gjennomførte politiet intervju av både elevar og lærarar ute på skuleplassen.

Les også: Påminning frå politiet: – Det kan vera svært irriterande for møtande bilistar

Artikkeltags