Gir seg etter 37 års tenestetid

Kjell Tungesvik går av som brannmeister i Uskedalen, ein funksjon han har hatt sidan 2006. (Arkivfoto).

Kjell Tungesvik går av som brannmeister i Uskedalen, ein funksjon han har hatt sidan 2006. (Arkivfoto).

Av
DEL

Frå Uskedalen.no:Kjell Tungesvik hadde sin siste dag som brannmeister i Uskedalen på tysdag i veka som var. Det er ikkje noko dramatikk i det at Tungesvik går av. Han har tilsaman 37 års tenestetid i branntroppen, frå 2006 som brannmeister. Det er lenge nok. Kjell kan syna til ei lang tid med store endringar. Ikkje alt har utvikla seg slik han meinar er det beste for eit godt brannvern.

Branntropp Uskedalen er sett opp med 10 mann, seinare nedskrive til 8 mann. Pr. i dag består troppen av 6 konstablar og ein brannmeister. Rekruttering til ei så viktig teneste er noko som til tider har svikta. Branntroppen er utstyrt med brannbil/mannskapsbil som har 3000 liter vatn med ut på brannobjektet. I tillegg har ein ein ekstrabil for mannskapet.

Ein brannmeister har mellom anna ansvaret for lokale øvingar. Til funksjonen høyrer også rapportering. Konstablane i Branntropp Uskedalen gjer ein god jobb. Dei er unge og entusiastiske og gjer meir enn ein kan forventa når ein tek med at brannvernet er ei frivillig teneste.

Branntroppen er førebels sikra drift. Eit framlegg i budsjettprosessen om å slå saman branntroppar, førte ikkje fram. Eit framlegg frå Direktoratet om færre og meir slagkraftige einingar er ute på høyring. Antal utrykningar, respsonstid og geografi med brannobjekt er førande for brannstrukturen i ein kommune. Branntropp Uskedalen har ansvaret for område Ljosnes i nord til Liland/ Haugen i sør.

Stillinga som brannmeister i Uskedalen er utlyst internt. Derimot ligg det ute utlysing på to ledige stillingar som brannkonstablar til Tropp Uskedalen. Interesserte vert oppmoda om å søkja.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags